10 Slå dykk ned hjå oss, så skal landet liggja ope for dykk! Her kan de bu, og her kan de fara fritt ikring og få dykk eigedom.»
11 Sikem sa til far hennar og brørne hennar: «Om de berre kan godta meg, så skal eg gje dykk det de bed om!
12 Krev ein høg bruresum og ei stor gåve av meg! Eg skal gje det de vil ha, berre eg får jenta til kone.»
13 Då gav Jakobs-sønene Sikem og Hamor, far hans, eit svikefullt svar, fordi han hadde skjemt ut Dina, syster deira.
14 Dei sa: «Det kan vi ikkje gjera. Å gje syster vår til ein uomskoren mann, det ville vera ei skam for oss.
15 Berre på eitt vilkår kan vi gjera dykk til viljes: at de vert som vi og lèt alle menn hjå dykk omskjera.
16 Då skal vi gje dykk døtrene våre og ta dykkar døtrer til koner, og bu saman med dykk, så vi vert eitt folk.