17 Men vil de ikkje høyra på oss og la dykk omskjera, så tek vi syster vår og fer bort.»
18 Både Hamor og Sikem, son hans, tykte vel om det dei sa.
19 Den unge mannen drygde ikkje med å gjera dette. For han heldt av dotter til Jakob, og det var han som var den fremste i heile farshuset.
20 Så gjekk Hamor og Sikem, son hans, ut til porten i byen sin og sa til bymennene:
21 «Desse mennene vil gjerne vera vener med oss. Lat dei bu her i landet og fara fritt ikring i det! Landet er då vidt nok for dei på alle kantar. Vi vil ta døtrene deira til koner og gje dei våre døtrer.
22 Men berre på eitt vilkår vil mennene retta seg etter oss og bu saman med oss, så vi vert eitt folk: Alle menn hjå oss må la seg omskjera, liksom dei er omskorne sjølve.
23 Buskapen og eigedomen deira, alt feet deira, vert då vårt, berre vi gjer dei til viljes, så dei slår seg ned hjå oss.»