4 Sidan sa Sikem til Hamor, far sin: «Lat meg få den jenta til kone!»
5 Jakob fekk høyra at Sikem hadde skjemt ut Dina, dotter hans. Men sønene hans var ute i marka med buskapen, og Jakob tagde med det til dei kom heim.
6 Hamor, far til Sikem, gjekk ut til Jakob og ville tala med han.
7 Då sønene til Jakob fekk høyra det, kom dei heim frå marka. Dei kjende seg såra og var brennande harme. For det var eit skjemdarverk Sikem hadde gjort mot Israel då han låg med dotter til Jakob. Slikt skulle aldri henda!
8 Hamor tala med dei og sa: «Sikem, son min, har lagt sin hug til dotter dykkar. Lat han få henne til kone!
9 Lat oss gifta borna våre i hop! Gjev oss døtrene dykkar, og gift de dykk med våre døtrer!
10 Slå dykk ned hjå oss, så skal landet liggja ope for dykk! Her kan de bu, og her kan de fara fritt ikring og få dykk eigedom.»