9 Endå ein gong synte Gud seg for Jakob, etter at han var komen heim frå Mesopotamia, og velsigna han.
10 Og Gud sa til han:«No heiter du Jakob.Men du skal ikkje lenger ¬heita Jakob;Israel skal namnet ditt vera.»Såleis fekk han namnet Israel.
11 Og Gud sa til han:«Eg er Gud Den Allmektige.Du skal veksa og aukast!Eit folk, ja, mange folkeslagskal ættast frå deg,og kongar skal ha sitt opphav ¬i deg.
12 Og det landet som eg gavAbraham og Isak,det gjev eg degog ætta di etter deg.»
13 Så fór Gud opp frå han, frå den staden der han hadde tala med han.
14 Jakob reiste ein minnestein der Gud hadde tala med han. Og han auste drikkoffer på steinen og slo olje over han.
15 Og Jakob kalla den staden der Gud hadde tala med han, Betel.