1 Dette er ætta til Esau, som òg vert kalla Edom.
2 Esau tok seg koner mellom jentene i Kanaan: Ada, dotter til hetitten Elon, Oholibama, dotter til Ana, som var son til hevitten Sibon,
3 og Basmat, dotter til Ismael, syster til Nebajot.
4 Med Ada fekk Esau sonen Elifas og med Basmat Re’uel;
5 og med Oholibama fekk han Je’usj, Jalam og Korah. Dette var dei sønene som Esau fekk i Kanaan.
6 Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alt godset han hadde samla seg i Kanaan, og flytte til Se’ir-landet, bort frå Jakob, bror sin.
7 For dei hadde så mykje fe at dei ikkje kunne bu saman. Det landet dei hadde halde til i, kunne ikkje røma dei, så stor var buskapen deira.