27 Dette er sønene til Eser: Bilhan, Sa’avan og Akan.
28 Og dette er sønene til Disjan: Us og Aran.
29 Dette er ættehovdingane åt horittane: hovdingane Lotan, Sjobal, Sibon, Ana,
30 Disjon, Eser og Disjan. Det var horitthovdingane i Se’ir, ætt for ætt.
31 Dette er dei kongane som rådde i Edom før det var nokon konge i Israel:
32 Bela, son til Beor, var konge i Edom, og byen hans heitte Dinhaba.
33 Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah, frå Bosra, konge etter han.