4 Med Ada fekk Esau sonen Elifas og med Basmat Re’uel;
5 og med Oholibama fekk han Je’usj, Jalam og Korah. Dette var dei sønene som Esau fekk i Kanaan.
6 Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alt godset han hadde samla seg i Kanaan, og flytte til Se’ir-landet, bort frå Jakob, bror sin.
7 For dei hadde så mykje fe at dei ikkje kunne bu saman. Det landet dei hadde halde til i, kunne ikkje røma dei, så stor var buskapen deira.
8 Esau slo seg då ned i Se’ir-fjella; Esau, det er den same som Edom.
9 Dette er ætta åt Esau, som var ættefar til edomittane i fjell-landet Se’ir.
10 Her er namna på Esau-sønene: Elifas, son til Ada, kona hans Esau, og Re’uel, son til Basmat, kona hans Esau.