1 På den tid drog Juda bort frå brørne sine og slo seg ned hjå ein mann i Adullam som heitte Hira.
2 Der fekk Juda sjå dotter til ein kanaanear som heitte Sjua. Han tok henne til kone og levde saman med henne.
3 Ho vart med barn og fekk ein son, som ho kalla Er.
4 Så vart ho med barn att og fekk ein son; han kalla ho Onan.
5 Sidan fekk ho endå ein son og kalla han Sjela. Då han vart fødd, var Juda i Kesib.
6 Juda tok ei kone til Er, eldste son sin. Ho heitte Tamar.
7 Men Herren tykte ille om Er, eldste son til Juda, og laga det så at han døydde.