16 Så tok han av frå vegen, gjekk bort til henne og sa: «Kom, lat meg få liggja med deg!» For han visste ikkje at det var sonekona hans. Ho sa: «Kva gjev du meg dersom du får liggja med meg?»
17 Han svara: «Eg skal senda deg eit kje av buskapen min.» Då sa ho: «Så gjev meg eit pant til du får sendt det!»
18 «Kva skal eg gje deg i pant?» spurde han. Ho svara: «Seglringen og snora, og staven som du har i handa.» Det gav han henne. Så fekk han liggja med henne, og ho vart med barn.
19 Ho stod opp og gjekk sin veg. Så la ho av seg sløret og tok på seg enkjebunaden.
20 Juda sende kjeet med venen sin frå Adullam og bad han få att pantet av kvinna. Men han fann henne ikkje.
21 Då spurde han folket der på staden: «Kvar er tempelskjøkja i Enajim, ho som sat attmed vegen?» Dei svara: «Det har ikkje vore noka skjøkje her.»
22 Så gjekk han attende til Juda og sa: «Eg fann henne ikkje, og folket på staden sa til og med at det ikkje hadde vore noka skjøkje der.»