27 Då det så leid til at ho skulle føda, synte det seg at det var tvillingar i livet hennar.
28 Og med det same ho fødde, stakk den eine fram ei hand. Jordmora tok ein raud tråd og batt kring handa hans og sa: «Denne kom fyrst.»
29 Men så drog han handa attende, og bror hans kom fram. Då sa ho: «Korleis er det du bryt deg fram?» Difor kalla dei han Peres.
30 Så kom broren, han som hadde den raude tråden kring handa. Han kalla dei Serah.