18 Men då eg sette i og ropa, sprang han frå kappa si og rømde ut or huset.»
19 Då husbonden åt Josef høyrde kva kona hans fortalde – «så og så har trælen din fare åt mot meg,» sa ho – vart han brennande harm.
20 Han tok Josef og kasta han i fengsel, der fangane åt kongen sat i lekkjer.No vart Josef sitjande der i fengslet.
21 Men Herren var med han og laga det så at han vart vel omtykt, og at den øvste fangevaktaren fekk godvilje for han.
22 Han sette Josef til å sjå etter alle fangane i fengslet. Og alt som skulle gjerast der, det gjorde han.
23 Fangevaktaren sjølv hadde ikkje tilsyn med nokon ting som Josef hadde ansvar for. For Herren var med han, og alt det han tok seg føre, lét Herren lukkast.