12 Då sa Josef: «Dette er så å tyda: Dei tre greinene er tre dagar.
13 Om tre dagar skal farao opphøgja deg og setja deg inn att i stillinga di. Du skal retta staupet til farao, som du gjorde før, då du var skjenkjaren hans.
14 Gjev du ville koma meg i hug, når det går deg godt! Gjer vel og tal om meg til farao, så eg kan koma ut or dette huset!
15 For eg er stolen frå Hebrear-landet, og her har eg ikkje gjort noko som dei skulle setja meg i fengsel for.»
16 Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve så god ei tyding, sa han til han: «Eg òg hadde ein draum. Eg tykte eg bar tre korger med kveitebrød på hovudet.
17 I den øvste korga var det allslags kaker, som var baka åt farao. Men fuglane åt dei or korga på hovudet mitt.»
18 Josef svara: «Dette er så å tyda: Dei tre korgene er tre dagar.