13 Då sa dei: «Tenarane dine var tolv brør, sønene til éin mann i Kanaan. Den yngste er heime hjå far, og ein av oss lever ikkje lenger.»
14 Men Josef sa til dei: «Det er som eg har sagt: De er spionar.
15 Men no vil eg setja dykk på prøve: Så sant farao lever, de slepp ikkje herifrå utan at yngste bror dykkar kjem hit!
16 Ein av dykk skal fara i veg og henta bror dykkar, medan de andre vert verande her som fangar! Så vil det visa seg om de talar sant. Gjer de ikkje det, er de spionar, så visst som farao lever.»
17 Så heldt han dei fengsla i tre dagar.
18 Tredje dagen sa Josef til dei: «Gjer no som eg seier, så skal de få leva! Eg er ein mann som har age for Gud.
19 Dersom de er ærlege folk, så lat ein av brørne vera att her i fengslet, medan de andre fer i veg med korn til livberging for dei som er heime.