24 Og han snudde seg frå dei og gret. Så kom han att og tala med dei. Og han tok Simeon ut or flokken og batt han så dei såg på.
25 Sidan sa Josef frå til folka sine at dei skulle fylla sekkene deira med korn, leggja pengane åt kvar av dei atti sekkene og gje dei niste med på vegen. Og det vart gjort.
26 Så leste dei kornet på esla og tok ut.
27 Men då dei slo leir for natta, og ein av dei opna sekken sin og ville gje eselet fôr, fekk han auga på pengane; dei låg øvst i sekken.
28 Han sa til brørne: «Eg har fått att pengane mine. Her ligg dei i sekken min!» Då vart dei reint ille ved. Skjelvande såg dei på kvarandre og sa: «Kva er det Gud har gjort mot oss?»
29 Så kom dei heim til Jakob, far sin, i Kanaan. Og dei fortalde han alt det som hadde hendt dei.
30 «Mannen som rår der i landet, tala strengt til oss,» sa dei, «og tok oss for folk som ville speida ut landet.