15 Då Josef såg at Benjamin var med dei, sa han til hushaldaren sin: «Bed desse mennene inn! Slakta og stell til, for dei skal eta middag med meg!»
16 Mannen gjorde som Josef sa. Han bad dei med inn i huset åt Josef.
17 Men då dei skulle gå inn, vart dei redde og tenkte: «Det er vel for dei pengane som låg att i sekkene våre førre gongen, at vi skal hit inn. Dei vil ryka på oss, kasta seg over oss, gjera oss til trælar og ta esla våre.»
18 Så gjekk dei bort til hushaldaren hans Josef og tala med han i husdøra.
19 «Høyr her, herre,» sa dei, «du veit vi har vore her ein gong før og kjøpt korn.
20 Men då vi kom til den staden der vi skulle vera natta over, og opna sekkene våre, fann kvar av oss pengane øvst i sekken. Det var våre eigne pengar, og dei låg der, alle saman. No har vi dei med oss hit att.
21 Men vi har med oss andre pengar òg til å kjøpa korn for. Vi veit ikkje kven som hadde lagt pengane i sekkene våre.»