2 Men Juda svara: «Mannen sa med reine ord: Eg vil ikkje sjå dykk for augo mine utan at bror dykkar er med.
3 Vil du no la han få vera med oss, skal vi fara av stad og kjøpa korn til deg.
4 Men sender du han ikkje, fer vi ikkje ned att. For mannen sa til oss: Eg vil ikkje sjå dykk for augo mine utan at bror dykkar er med.»
5 Då sa Israel: «Kvifor gjorde de meg så vondt og fortalde at de har endå ein bror?»
6 Dei svara: «Mannen spurde oss nøye ut både om oss og ætta vår. Han sa: Far dykkar, lever han enno? Har de nokon bror? Og vi svara på det han spurde om. Vi kunne vel ikkje vita at han ville seia: Kom hit med bror dykkar!»
7 Då sa Juda til Israel, far sin: «Send guten med meg! Så gjer vi oss ferdige og fer av stad, så vi kan berga livet og sleppa å døy, både vi og du og småborna våre.
8 Eg skal svara for han; av meg kan du krevja han att. Kjem eg ikkje heim att med han og set han framføre deg, skal eg bera skulda for det alle mine dagar.