21 Men vi har med oss andre pengar òg til å kjøpa korn for. Vi veit ikkje kven som hadde lagt pengane i sekkene våre.»
22 Då sa han: «Ta det med ro, ver ikkje redde! Han som er Gud både for dykk og far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Dei pengane de hadde med, har eg fått.» Så henta han Simeon ut til dei.
23 Sidan fylgde mannen dei inn i huset åt Josef. Han gav dei vatn så dei fekk vaska føtene, og lét dei få fôr til esla.
24 Så la dei gåvene til rettes, medan dei venta på at Josef skulle koma heim til middag. For dei hadde høyrt at dei skulle eta der.
25 Då Josef kom, bar dei inn til han gåvene dei hadde med seg, og kasta seg til jorda for han.
26 Han spurde korleis dei levde, og sa: «Står det bra til med den gamle far dykkar, som de tala om? Lever han enno?»
27 «Ja,» svara dei, «det står bra til med far vår, tenaren din. Han lever enno.» Så bøygde dei seg og kasta seg ned for han.