24 Så la dei gåvene til rettes, medan dei venta på at Josef skulle koma heim til middag. For dei hadde høyrt at dei skulle eta der.
25 Då Josef kom, bar dei inn til han gåvene dei hadde med seg, og kasta seg til jorda for han.
26 Han spurde korleis dei levde, og sa: «Står det bra til med den gamle far dykkar, som de tala om? Lever han enno?»
27 «Ja,» svara dei, «det står bra til med far vår, tenaren din. Han lever enno.» Så bøygde dei seg og kasta seg ned for han.
28 Då fekk han auga på Benjamin, heilbror sin, og sa: «Er dette yngste bror dykkar, som de tala til meg om? Gud signe deg, guten min!»
29 Og Josef skunda seg bort; for kjærleiken til broren loga opp i han, så han laut få gråta. Og han gjekk inn i kammeret sitt og gret.
30 Så vaska han seg i andletet og gjekk ut att. Han gjorde seg hard og sa: «Set fram maten!»