26 Han spurde korleis dei levde, og sa: «Står det bra til med den gamle far dykkar, som de tala om? Lever han enno?»
27 «Ja,» svara dei, «det står bra til med far vår, tenaren din. Han lever enno.» Så bøygde dei seg og kasta seg ned for han.
28 Då fekk han auga på Benjamin, heilbror sin, og sa: «Er dette yngste bror dykkar, som de tala til meg om? Gud signe deg, guten min!»
29 Og Josef skunda seg bort; for kjærleiken til broren loga opp i han, så han laut få gråta. Og han gjekk inn i kammeret sitt og gret.
30 Så vaska han seg i andletet og gjekk ut att. Han gjorde seg hard og sa: «Set fram maten!»
31 Då sette dei fram på serskilde bord – for han og for brørne og for egyptarane som åt hjå han. For egyptarar kan ikkje eta i lag med hebrearar; det held dei for ein styggedom.
32 Brørne fekk sitja midt for han. Dei vart sessa etter alderen, den eldste øvst og den yngste nedst. Då såg dei på kvarandre og undrast.