1 Ei tid etter kom dei til Josef og sa: «Far din er sjuk.» Då tok han med seg dei to sønene sine, Manasse og Efraim.
2 Og Jakob fekk bod om at Josef, son hans, var komen til han. Då gjorde han seg sterk og sette seg opp i senga.
3 Jakob sa til Josef: Gud Den Allmektige synte seg for meg i Lus i Kanaan. Han velsigna meg
4 og sa til meg: «Eg vil la deg veksa og aukast og gjera deg til ei samling med ætter. Og eg vil gje etterkomarane dine dette landet til eige for alle tider.»
5 Dei to sønene som du fekk i Egypt før eg kom hit til deg, dei skal no vera mine. Efraim og Manasse skal høyra meg til liksom Ruben og Simeon.