3 Jakob sa til Josef: Gud Den Allmektige synte seg for meg i Lus i Kanaan. Han velsigna meg
4 og sa til meg: «Eg vil la deg veksa og aukast og gjera deg til ei samling med ætter. Og eg vil gje etterkomarane dine dette landet til eige for alle tider.»
5 Dei to sønene som du fekk i Egypt før eg kom hit til deg, dei skal no vera mine. Efraim og Manasse skal høyra meg til liksom Ruben og Simeon.
6 Men dei borna du sidan har fått, skal vera dine. Dei skal ha namn etter brørne sine i det landet dei kjem til å arva.
7 Då eg kom frå Mesopotamia, døydde Rakel frå meg på ferda. Det hende i Kanaan, då vi endå hadde eit stykke att til Efrat. Og eg gravla henne der attmed vegen til Efrat – det er Betlehem.
8 Då Israel fekk sjå sønene til Josef, spurde han: «Kven er det?»
9 Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kjære, kom hit til meg med dei, så skal eg velsigna dei!»