8 Då Israel fekk sjå sønene til Josef, spurde han: «Kven er det?»
9 Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kjære, kom hit til meg med dei, så skal eg velsigna dei!»
10 Men augo hans Israel var dimme av alder; han kunne mest ikkje sjå. Difor leidde Josef gutane bort til han, og han kyste dei og slo armane kring dei.
11 Og Israel sa til Josef: «Eg hadde ikkje trutt eg skulle sjå deg meir, og no har Gud endåtil late meg få sjå borna dine!»
12 Så tok Josef dei ned av fanget hans og bøygde seg til jorda for han.
13 Sidan tok Josef begge i handa, Efraim i den høgre, til venstre for Israel, og Manasse i den venstre, til høgre for Israel, og leidde dei fram til han.
14 Men Israel rette ut høgre handa og la henne på hovudet hans Efraim, endå han var den yngste, og venstre handa la han på hovudet hans Manasse. Med vilje la han armane i kross; for Manasse var eldst.