23 Heile levetida åt Enok vart 365 år.
24 Enok ferdast med Gud. Så vart han borte, for Gud tok han til seg.
25 Då Metusjalah var 187 år, fekk han sonen Lamek.
26 Etter at Metusjalah hadde fått Lamek, levde han endå 782 år og fekk søner og døtrer.
27 Heile levetida åt Metusjalah vart 969 år. Så døydde han.
28 Då Lamek var 182 år, fekk han ein son.
29 Han kalla han Noah og sa: «Han skal trøysta oss i arbeidet vårt og i alt vårt slit og slep med den jorda som Herren har forbanna.»