13 Dei førte han til Kanaan og gravla han i hola på Makpela-jordet, austanfor Mamre, det jordstykket som Abraham hadde kjøpt av hetitten Efron til eigande gravstad.
14 Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han attende til Egypt, både han og brørne hans og alle som hadde vore med han opp og gravlagt far hans.
15 Då brørne åt Josef såg at far deira var borte, sa dei: «Berre Josef ikkje legg oss for hat og lèt oss bøta for alt det vonde vi har gjort mot han!»
16 Så sende dei bod til Josef og sa: «Far din bad oss før han døydde,
17 at vi skulle bera fram dette bodet til deg: Kjære, tilgjev brørne dine det brotet og den synda dei gjorde, då dei fór så stygt med deg! Så tilgjev oss no brotet vårt! Vi tener då same Gud som far din.» Josef gret då dei tala såleis til han.
18 Sidan kom brørne sjølve og kasta seg ned for han. «Her kjem vi og vil vera tenarane dine,» sa dei.
19 Då sa Josef til dei: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad?