20 De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode. For han ville gjera det som no har hendt, og berga mange menneske.
21 Ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.» Såleis trøysta han dei og tala blidt til dei.
22 Josef vart buande i Egypt, både han og farsætta hans. Han vart 110 år gamal.
23 Josef fekk sjå borna hans Efraim i tredje leden. Og borna åt Makir, son til Manasse, vart fødde på knea hans.
24 Josef sa ti brørne sine: «No skal eg døy. Men Gud vil ta seg av dykk og føra dykk ut or dette landet til det landet han lova Abraham, Isak og Jacob.»
25 Så tok Josef ein eid av Israels-sønene og sa: «Når Gud tek seg av dykk, då skal de føra beina mine med herifrå.»
26 Og Josef døydde 110 år gamal. Dei balsamerte han og la han i kiste i Egypt.