1 Men Gud kom i hug Noah og alle villdyra og alle husdyra som var med han i arka. Og Gud lét ein vind blåsa over jorda, og vatnet tok til å siga.
2 Kjeldene i havdjupet og lukene på himmelen stengdest, og regnet frå himmelen stogga.
3 Etter kvart drog vatnet seg attende frå jorda. Då hundre og femti dagar var lidne, hadde det minka.
4 Den syttande dagen i den sjuande månaden tok arka grunn på Ararat-fjella.
5 Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltoppane seg.
6 Då førti dagar var lidne, opna Noah den luka han hadde laga på arka,