13 I det året Noah fylte 601 år, den fyrste dagen i den fyrste månaden, hadde vatnet turka bort frå jorda. No tok Noah taket av arka, og då han såg utover, var jorda turr.
14 Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var ho heilt turr.
15 Då sa Gud til Noah:
16 «Gå ut or arka, du og kona di og sønene og sonekonene dine med deg!
17 Ta med deg alle dyra som er hjå deg, alt som lever, både fugl og fe og alt krypet som krælar på jorda! Dei skal yrja på jorda og alast og aukast.»
18 Så gjekk Noah ut, og sønene hans og kona og sonekonene hans saman med han.
19 Og alle villdyr og husdyr og fuglar og alt krypet som krælar på jorda, det eine slaget etter det andre, gjekk ut or arka.