19 Og alle villdyr og husdyr og fuglar og alt krypet som krælar på jorda, det eine slaget etter det andre, gjekk ut or arka.
20 Noah bygde eit altar for Herren og tok nokre reine dyr og nokre reine fuglar og ofra brennoffer på altaret.
21 Då Herren kjende den gode angen, tenkte han med seg: «Aldri meir vil eg forbanna jorda for menneska skuld; for menneskehjarta emnar berre på vondt alt ifrå ungdomen. Aldri meir vil eg drepa alt som lever, som eg no har gjort.
22 Så lenge jorda står,skal sånad og skurd, ¬kulde og hete,sommar og vinter, dag og nattaldri ta slutt.»