2 Kjeldene i havdjupet og lukene på himmelen stengdest, og regnet frå himmelen stogga.
3 Etter kvart drog vatnet seg attende frå jorda. Då hundre og femti dagar var lidne, hadde det minka.
4 Den syttande dagen i den sjuande månaden tok arka grunn på Ararat-fjella.
5 Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltoppane seg.
6 Då førti dagar var lidne, opna Noah den luka han hadde laga på arka,
7 og sleppte ut ein ramn. Han flaug att og fram til dess vatnet hadde turka bort frå jorda.
8 Så sende Noah ut ei due; han ville sjå om vatnet hadde sige unna frå marka.