5 Då budde dei seg til ferda, ættehovdingane i Juda og Benjamin og prestane og levittane, alle som Gud hadde gjeve den tanken at dei skulle fara til Jerusalem og byggja opp att Herrens hus.
6 Alle grannane hjelpte dei med sølv og gull, gods, buskap og dyre eigneluter, attåt alle dei friviljuge gåvene.
7 Kong Kyros lét henta fram dei heilage kara som Nebukadnesar hadde ført bort frå Herrens hus i Jerusalem og sett inn i templet åt sin eigen gud.
8 Persarkongen overlét dei til skattmeisteren Mitradat, som talde dei opp og gav dei til Sjesbassar, fyrsten i Judea.
9 Talet på dei var: 30 gullskåler, 1 000 sølvskåler og 29 andre skåler,
10 30 gullstaup, 410 sølvstaup og 1 000 andre ting.
11 I alt var det 5 400 ting av gull og sølv. Alt dette hadde Sjesbassar med seg då dei bortførte fór heim til Jerusalem frå Babylonia.