1 Medan Esra låg gråtande framfor Guds hus og bad og sanna synda åt folket, samla det seg kring han ei stor mengd med israelittar, menn, kvinner og born, og folket gret sårt.
2 Sjekanja, son til Jehiel, som høyrde Elam-ætta til, tok då til ords og sa til Esra: «Vi har vore trulause mot vår Gud og teke oss koner mellom dei framande folka her i landet. Likevel er det enno von for Israel.
3 Lat oss no gje Gud den høgtidelege lovnaden at vi skal senda frå oss alle desse konene og borna deira. Det er det rådet vi har fått frå Herren, og av dei mennene som har age for bodet frå vår Gud. Lat oss fara fram etter lova.
4 Stå opp, for det er du som må syta for dette, men vi skal hjelpa deg. Ver ved godt mot og gå til verket!»