14 Lat difor hovdingane svara for heile folket. Så kan alle som bur i byane og har teke framande kvinner til koner, møta fram til fastsette tider saman med dei eldste og domarane i kvar by. Såleis skal vi få bort vår Guds brennande vreide som er over oss på grunn av det vi har gjort.»
15 Berre Jonatan, son til Asael, og Jakseja, son til Tikva, sette seg imot dette, og Mesjullam og levitten Sjabbetai heldt med dei.
16 Men dei heimkomne gjorde som det var sagt. Presten Esra valde ut nokre menn som var hovdingar for kvar si ætt, og alle vart nemnde med namn. Dei kom saman den fyrste dagen i den tiande månaden og tok til med granskingsarbeidet.
17 Og den fyrste dagen i den fyrste månaden var dei ferdige med alle dei mennene som hadde gift seg med framande kvinner.
18 Dei fann at desse prestesønene hadde gift seg med framande kvinner: Ma’aseja, Elieser, Jarib og Gedalja, søner og brør til Josva, son til Josadak.
19 Dei lova med handslag at dei skulle senda frå seg konene sine, og bar fram ein ver som skuldoffer.
20 Av Immer-ætta Hanani og Sebadja;