3 Lat oss no gje Gud den høgtidelege lovnaden at vi skal senda frå oss alle desse konene og borna deira. Det er det rådet vi har fått frå Herren, og av dei mennene som har age for bodet frå vår Gud. Lat oss fara fram etter lova.
4 Stå opp, for det er du som må syta for dette, men vi skal hjelpa deg. Ver ved godt mot og gå til verket!»
5 Då reiste Esra seg og lét dei øvste prestane og levittane og hovdingane over heile Israel gjera eid på at dei skulle fara åt som det var sagt; og dei gjorde eid på det.
6 Esra gjekk så bort frå plassen framfor Herrens hus og inn i romet åt Johanan, son til Eljasjib. Der var han natta over, og han smaka korkje mat eller drikke; for han syrgde over utruskapen åt dei heimkomne.
7 Så sende dei ut melding til alle som var komne heim til Judea og Jerusalem, at dei skulle samlast i Jerusalem.
8 Hovdingane og dei eldste hadde avgjort at den som ikkje kom innan tre dagar, skulle få all sin eigedom bannlyst og sjølv verta utestengd frå lyden av dei heimkomne.
9 Alle mennene frå Juda og Benjamin samla seg no i Jerusalem på tre dagar. Den tjuande dagen i den niande månaden sat alt folket på plassen framfor Guds hus, og dei skalv både på grunn av denne saka og fordi det regnde.