9 Alle mennene frå Juda og Benjamin samla seg no i Jerusalem på tre dagar. Den tjuande dagen i den niande månaden sat alt folket på plassen framfor Guds hus, og dei skalv både på grunn av denne saka og fordi det regnde.
10 Då reiste presten Esra seg og sa: «De har vore trulause og teke framande kvinner til koner; såleis har de gjort Israels skuld stor.
11 Sanna no synda for Herren, dykkar fedrars Gud, og gjer som han vil! Skil dykk frå dei andre folka her i landet og frå dei framande kvinnene!»
12 Alt folket som var samla, svara då med høg røyst: «Ja, det er vår skyldnad å gjera som du seier.
13 Men folket er talrikt, og det er regntid; vi orkar ikkje å stå her ute lenger. Dette er ikkje gjort på ein dag eller to; for vi er mange som har synda i dette stykket.
14 Lat difor hovdingane svara for heile folket. Så kan alle som bur i byane og har teke framande kvinner til koner, møta fram til fastsette tider saman med dei eldste og domarane i kvar by. Såleis skal vi få bort vår Guds brennande vreide som er over oss på grunn av det vi har gjort.»
15 Berre Jonatan, son til Asael, og Jakseja, son til Tikva, sette seg imot dette, og Mesjullam og levitten Sjabbetai heldt med dei.