1 Dette er dei mennene frå Judea-distriktet som kom heim att or fangenskapet i Babylonia. Babylonarkongen Nebukadnesar hadde ført dei dit, men no kom dei attende til Jerusalem og Judea, kvar til sin by.
2 Dei fylgde Serubabel, Josva, Nehemja, Seraja, Re’elaja, Mordekai, Bilsjan, Mispar, Bigvai, Rehum og Ba’ana.Dette er talet på Israels-mennene:
3 Av Parosj-ætta 2 172,
4 av Sjefatja-ætta 372,