55 Etterkomarane etter Salomos tenarar: ættene Sotai, Hassoferet, Peruda,
56 Ja’ala, Darkon, Giddel,
57 Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Ami.
58 Tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar var i alt 392.
59 Dette er dei som kom heim att frå Tel-Melak, Tel-Harsja, Kerub, Addan og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til:
60 Av ættene Delaja, Tobia og Nekoda 652,
61 og av presteættene: Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og fått namn etter dei.