61 og av presteættene: Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og fått namn etter dei.
62 Dei leita etter namna sine i ættelistene, men fann dei ikkje. Difor vart dei haldne for uverdige og utestengde frå prestetenesta.
63 Statthaldaren forbaud dei å eta av den høgheilage maten til det stod fram ein prest som kunne bruka urim og tummim.
64 Dei som høyrde Israels-lyden til, var i alt 42 360,
65 forutan trælane og trælkvinnene, som var 7 337 i talet. I tillegg kom 200 songarar og songarinner.
66 Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,
67 435 kamelar og 6 720 esel.