63 Statthaldaren forbaud dei å eta av den høgheilage maten til det stod fram ein prest som kunne bruka urim og tummim.
64 Dei som høyrde Israels-lyden til, var i alt 42 360,
65 forutan trælane og trælkvinnene, som var 7 337 i talet. I tillegg kom 200 songarar og songarinner.
66 Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,
67 435 kamelar og 6 720 esel.
68 Då dei kom fram til templet i Jerusalem, hadde nokre ættehovdingar med seg friviljuge gåver til Guds hus, så det kunne byggjast opp att der det før hadde stått.
69 Alt etter som dei hadde råd, gav dei til arbeidskassa: 61 000 gulldrakmar, 5 000 sølvminer og 100 presteskrud.