1 Då den sjuande månaden kom, og israelittane budde i byane sine, samla dei seg alle som ein i Jerusalem.
2 Josva, son til Josadak, og brørne hans, prestane, og Serubabel, son til Sjealtiel, og brørne hans tok til å byggja opp att altaret åt Israels Gud. På det skulle dei ofra brennoffer, så som det er føreskrive i lova åt Moses, gudsmannen.
3 Dei var gripne av redsle for folket i landet, men reiste likevel altaret der det før hadde stått; og dei bar fram brennoffer for Herren både morgon og kveld.
4 Så heldt dei lauvhyttehelga, så som føreskrive er, og ofra kvar dag dei brennoffer som lova krev.
5 Sidan bar dei fram dei daglege brennoffera og offera for nymånedagane og alle Herrens høgtider, og like eins alle friviljuge offer som einkvan kom til Herren med.