4 Så heldt dei lauvhyttehelga, så som føreskrive er, og ofra kvar dag dei brennoffer som lova krev.
5 Sidan bar dei fram dei daglege brennoffera og offera for nymånedagane og alle Herrens høgtider, og like eins alle friviljuge offer som einkvan kom til Herren med.
6 Den fyrste dagen i den sjuande månaden tok dei til å bera fram brennoffer for Herren, før grunnvollen til Herrens tempel endå var lagd.
7 Dei gav pengar til steinhoggarane og tømmermennene. Til mennene frå Sidon og Tyrus sende dei mat, drikke og olje, så dei skulle føra sedertre ned frå Libanon og sidan sjøvegen til Jaffa, etter det løyvet persarkongen Kyros hadde gjeve.
8 Året etter at dei var komne fram til Guds hus i Jerusalem, i den andre månaden, gjekk dei til verket, både Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, og alle frendane deira, prestane og levittane, og dei andre som var komne til Jerusalem or fangenskapet. Dei sette alle levittar som var tjue år eller meir til å ha tilsyn med arbeidet på Herrens hus.
9 Josva og sønene og frendane hans, Kadmiel og sønene hans og Hodavja steig fram alle som ein og leidde arbeidet på Guds hus. Det same gjorde etterkomarane etter Henadad med sønene og frendane sine; dei òg var levittar.
10 Då bygningsmennene hadde lagt grunnvollen til Herrens tempel, stelte prestane seg opp i fullt skrud med trompetar og levittane av Asaf-ætta med cymblar. Dei skulle prisa Herren, så som David, Israels-kongen, hadde føreskrive.