1 Judas og Benjamins motstandarar fekk høyra at dei som var komne heim or fangenskapet, heldt på å byggja eit tempel åt Herren, Israels Gud.
2 Då gjekk dei til Serubabel og ættehovdingane og sa: «Lat oss få vera med dykk og byggja! Vi tilbed då den same Gud som de, og vi har ofra til han heilt sidan assyrarkongen Asarhaddon førte oss hit.»
3 Men Serubabel, Josva og dei andre ættehovdingane i Israel svara: «Nei, de har ikkje noko med å byggja templet for vår Gud saman med oss. Vi vil vera åleine om å byggja hus for Herren, Israels Gud, så som persarkongen Kyros har gjeve oss påbod om.»
4 Folket i landet gjorde då judearane motlause og skræmde dei bort frå arbeidet.