1 Judas og Benjamins motstandarar fekk høyra at dei som var komne heim or fangenskapet, heldt på å byggja eit tempel åt Herren, Israels Gud.
2 Då gjekk dei til Serubabel og ættehovdingane og sa: «Lat oss få vera med dykk og byggja! Vi tilbed då den same Gud som de, og vi har ofra til han heilt sidan assyrarkongen Asarhaddon førte oss hit.»
3 Men Serubabel, Josva og dei andre ættehovdingane i Israel svara: «Nei, de har ikkje noko med å byggja templet for vår Gud saman med oss. Vi vil vera åleine om å byggja hus for Herren, Israels Gud, så som persarkongen Kyros har gjeve oss påbod om.»
4 Folket i landet gjorde då judearane motlause og skræmde dei bort frå arbeidet.
5 Så lenge Kyros var konge i Persia, og sidan heilt til Dareios fekk makta i landet, betalte dei nokre kongelege rådgjevarar for at dei skulle hindra Juda-folket i å gjennomføra planane sine.
6 Då Xerxes var konge, i fyrstninga av hans styringstid, skreiv folket i landet eit brev og klaga på innbyggjarane i Judea og Jerusalem.