11 Dette er ei avskrift av brevet som dei sende til han:Til kong Artaxerxes, frå tenarane dine, mennene i provinsen vestanfor Eufrat.
12 Kongen skal vita at dei jødane som fór bort frå deg, er komne hit til oss i Jerusalem. Dei byggjer opp att denne vonde og opprørske byen, set murane i stand og vøler grunnvollane.
13 No skal kongen vita at dersom denne byen vert oppattbygd og murane sette i stand, då kjem folket der korkje til å svara skattar eller avgifter i varer og pengar, og det vil med tida verta til skade for kongane.
14 Etter som vi står i kongens teneste, vil vi ikkje roleg sjå på at kongen lid skade. Difor sender vi melding om dette til kongen,
15 så du kan få røkt etter i årbøkene åt fedrane dine. Der vil du finna og sjå at dette er ein opprørsk by som har vore til skade for kongane og provinsane, og at folket der har gjort oppreist frå gamal tid. Difor vart denne byen øydelagd.
16 Kongen skal vita at dersom byen vert oppattbygd og murane sette i stand, då kjem du til å missa provinsen vestanfor Eufrat.
17 Kongen sende dette svaret:Til rådsherren Rehum, skrivaren Sjimsjai og dei andre embetsbrørne deira som bur i Samaria og elles i provinsen vestanfor Eufrat.Ver helsa!