18 Brevet som de sende oss, har eg fått omsett og opplese.
19 Eg sette folk til å granska etter, og dei fann at denne byen frå gamal tid har sett seg opp mot kongane. Det har vore uro og opprør der.
20 Kongane i Jerusalem var mektige; dei rådde over alt landet vestanfor Eufrat og tok inn skattar og avgifter i varer og pengar.
21 Sei no frå at desse mennene skal hindrast i arbeidet sitt, så byen ikkje vert oppattbygd før det kjem påbod om det frå meg.
22 Men gå varsamt fram, så de ikkje gjer noko mistak. Elles kunne det verta til endå større skade og tap for kongane.
23 Så snart avskrifta av brevet frå kong Artaxerxes hadde vorte lesen for Rehum, skrivaren Sjimsjai og embetsbrørne deira, skunda dei seg av stad til jødane i Jerusalem og hindra dei med vald og makt.
24 Då stansa arbeidet på Guds hus i Jerusalem, og det låg nede til året etter at Dareios hadde vorte konge i Persia.