5 Så lenge Kyros var konge i Persia, og sidan heilt til Dareios fekk makta i landet, betalte dei nokre kongelege rådgjevarar for at dei skulle hindra Juda-folket i å gjennomføra planane sine.
6 Då Xerxes var konge, i fyrstninga av hans styringstid, skreiv folket i landet eit brev og klaga på innbyggjarane i Judea og Jerusalem.
7 Medan Artaxerxes rådde i Persia, skreiv Bisjlam, Mitredat, Tabe’el og embetsbrørne deira til kongen. Brevet var skrive med arameisk skrift og omsett til arameisk språk.
8 Rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai skreiv eit brev til kong Artaxerxes mot Jerusalem.
9 Forutan rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai var desse med på brevet: dei andre embetsbrørne deira, domarane, sendemennene, dei persiske embetsmennene, mennene frå Uruk og Babylon og elamittane frå Susa,
10 og dei andre som den store og namngjetne Assurbanipal hadde ført bort og late busetja seg i Samaria-byen og elles i provinsen vestanfor Eufrat.
11 Dette er ei avskrift av brevet som dei sende til han:Til kong Artaxerxes, frå tenarane dine, mennene i provinsen vestanfor Eufrat.