1 Profeten Haggai og profeten Sakarja, soneson til Iddo, tala til jødane i Judea og Jerusalem; i namnet åt Israels Gud tala dei til dei.
2 Då gjekk Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, i gang med å byggja Guds hus i Jerusalem, og dei to Guds profetar var med og stødde dei.
3 Tattenai, statthaldaren i provinsen vestanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira kom straks til dei og spurde: «Kven har gjeve dykk lov til å byggja dette templet og setja denne muren i stand?»
4 Og dei heldt fram: «Kva heiter dei mennene som set opp denne bygningen?»