4 Og dei heldt fram: «Kva heiter dei mennene som set opp denne bygningen?»
5 Men Guds auga vakte over dei eldste mellom jødane. Statthaldaren og mennene hans hindra dei ikkje i arbeidet, for dei ville venta til Dareios hadde fått melding om saka, og dei hadde fått brev frå han.
6 Dette er ei avskrift av brevet som Tattenai, statthaldaren i provinsen vestanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne hans, embetsmennene i provinsen, sende til kong Dareios.
7 Så lydde meldinga som dei sende:Til kong Dareios.Ver helsa!
8 Kongen skal vita at vi har gjort ei ferd til Judea-distriktet, til templet åt den store Gud. Det vert no bygt opp att med tilhogne steinar, og murane vert kledde med tre. Arbeidet vert gjort med iver og har god framgang.
9 Vi tala med dei eldste der og spurde: «Kven har gjeve dykk lov til å byggja dette templet og setja denne muren i stand?»
10 Vi spurde òg kva leiarane deira heitte, for vi ville skriva opp namna og gje dei til deg.