9 Vi tala med dei eldste der og spurde: «Kven har gjeve dykk lov til å byggja dette templet og setja denne muren i stand?»
10 Vi spurde òg kva leiarane deira heitte, for vi ville skriva opp namna og gje dei til deg.
11 Dette var svaret dei gav oss: «Vi er tenarar for han som er Gud i himmelen og på jorda, og vi byggjer opp att det templet som vart reist her for mange år sidan. Det var ein stor konge i Israel som bygde og fullførte det.
12 Men fedrane våre gjorde Gud i himmelen harm. Difor gav han dei i hendene på kaldearen Nebukadnesar, kongen i Babylonia; han øydela templet og førte folket bort til Babylonia.
13 Men i det fyrste året Kyros var konge i Babylonia, baud han at templet skulle byggjast opp att.
14 Kong Kyros tok òg ut or templet i Babylon dei gullkar og sølvkar som hadde høyrt Guds hus til, og som Nebukadnesar hadde ført dit frå templet i Jerusalem. Han gav dei til ein mann som heitte Sjesbassar, som han hadde gjort til statthaldar,
15 og sa: Ta desse kara, far av stad og set dei i templet i Jerusalem! For Guds hus skal no byggjast opp att på same staden som før.