1 Då sette kong Dareios nokre menn til å sjå etter i arkiva i skattkammera i Babylonia.
2 I kongsborga i Ekbatana, hovudstaden i provinsen Media, fann dei ein bokrull, og der stod det skrive:Kunngjering.
3 I det fyrste året kong Kyros styrte, gav han dette påbodet om Guds hus i Jerusalem: Huset skal byggjast opp att, så det vert ein stad der folk ber fram offer. Grunnvollen skal leggjast på nytt. Sjølve templet skal vera seksti alner høgt og seksti alner breitt.
4 Det skal byggjast med tre lag tilhogne steinar og kledast innvendig med eitt lag tre. Utgiftene skal berast av kongens skattkammer.
5 Gullkara og sølvkara som høyrde Guds hus til, og som Nebukadnesar tok ut or templet i Jerusalem og førte til Babylon, skal gjevast tilbake. Dei skal førast til Jerusalem og setjast på sin rette stad i templet der.