14 Dei eldste mellom jødane heldt fram med bygginga og hadde god framgang, medan profeten Haggai og Sakarja, soneson til Iddo, sette mot i dei med profetorda sine. Dei fullførte arbeidet så som Israels Gud hadde sagt, og etter føresegn frå persarkongane Kyros, Dareios og Artaxerxes.
15 Templet stod ferdig den tredje dagen i adar månad i det sjette året Dareios var konge.
16 Israelittane – prestane, levittane og alle dei andre som var komne heim att or fangenskapet – heldt då høgtid og vigde Guds hus med stor glede.
17 I tempelvigsla ofra dei 100 oksar, 200 verar og 400 lam. Som syndoffer for heile Israel bar dei fram tolv bukkar, ein for kvar av dei tolv Israels-ættene.
18 Dei delte prestane inn i skift og levittane i avdelingar; dei skulle syta for gudstenesta i Jerusalem, så som føreskrive er i Moseboka.
19 Den fjortande dagen i den fyrste månaden heldt dei heimkomne påskehelg.
20 Levittane hadde då reinsa seg og var reine alle som ein. Dei slakta påskelammet for alle dei heimkomne, for brørne sine, prestane, og for seg sjølve.